Bymiljøpakken

Tom Kalsås

Bymiljøpakkedagen 24

18. april arrangerte Bymiljøpakka eitt politisk seminar for alle folkevalde i avtaleområdet.

I 2024 er det seks år sidan Bymiljøpakka vart vedteke i Stortinget. Sidan den gong har me fullført fleire små prosjekt og kome langt på dei større prosjekta som bussvegen, sykkelstamvegen, E39 og Transportkorridor Vest. Men det er framleis mange år att i pakka der dei påbegynte prosjekta skal ferdigstillast.

På programmet:

Med oss på seminaret hadde me storleiker som statsekretær Tom Kalsås frå Samferdsledepartementet til å fortelje om nullvekstmålet og framtidsperspektivet. Sekretariatets leiar Kristine Gramstad Wedler la fram historikken. Styreleiar Ove Myrvåg til å fortelje om vegvesenets rolle og seksjonssjef Bjarte Børtveit frå vegvesenet som fortalte om vegvesenets Bymiljøpakkeprosjekt. Samferdslesjef Stine Haave Åsland, einingsleiar Lisa Garpe og prosjektleiar Harald Bøhn frå Rogaland fylkeskommune fortalte om Rogaland fylkeskommunes prosjekt. Frå forskingssida hadde me Einar Leknes og Ray Pritchard frå NORCE som tok føre seg dei faktorane som er viktige at regionen skal nå nullvekstmålet og om sykkelpotensialet i regionen.