Bymiljøpakken

Tørt og trygt på Ruten

Atten låsbare sykkelboksar er no tilgjengelege på Ruten i Sandnes.

I solsteika 14. mai opna ordførar Kenny Retore sykkelbyens nye tilskot på Ruten. Låsbare sykkelboksar like ved togstasjonen. Boksane vernar syklane mot elementa, hærverk og tjuveri, noko som diverre er ein utfordring for dei syklane. I tillegg til å ha plass til sykkelen er det plass til å henge frå seg ein sykkelveske og hjelmen.

Boks-plass kan bestillast gjennom appen Bikely, og det kan du gjere før du tek sykkelen fatt. Så er boksen klar til du kjem fram.

Fram til august er dei første 12 timane gratis, og så kostar det 10 kroner timen. Makspris er 99 kroner per døgn.

Prosjektet er finansiert av Bymiljøpakken som eit programområdeprosjekt.