Bymiljøpakken

Stangeland Maskin AS vant fredag konkurransen om å bygge Bussveien mellom Forussletta og Stavangerveien.

Tilbyr Stangeland Maskin AS kontrakt for å bygge Bussveien Forussletta‒Stavangerveien

Rogaland fylkeskommune har ansvar for å bygge Bussveien mellom Stavanger og Sandnes. Entreprenør Stangeland Maskin AS vant konkurransen om å bygge strekninga mellom Kvadrat og Strandgata.

– Vi ser for oss oppstart i august-september 2023. Då går vi i gang med å bygge 1600 meter midtstilt bussvei med sykkelfelt og fortau på sidene, seier prosjektleiar Bjørnar Kleven i Rogaland fylkeskommune.

Forussletta‒Stavangerveien er eit av fire delprosjekt i reguleringsplanen for Bussveien mellom Kvadrat og Ruten i Sandnes. Strekninga går frå Forussletta ved Lindeveien via Stavangerveien til Jernbanebrua ved Strandgata.

Delprosjektet er ein del av korridor 1 i Bussveien, som blir opna sommaren 2026.

Klagefrist

Konkurransen blei lyst ut i starten av mai, med frist for å levere tilbod den 16. juni. To andre tilbydarar, Risa AS og Bjelland AS var også med i konkurransen. Dei har ti dagars klagefrist (karensperiode) frå 30. juni. Fylkeskommunen skriv ikkje kontrakt før denne perioden er over, truleg etter sommarferien.

Konkurransen blei evaluert ut ifrå vekting av tildelingskriterier, der pris aleine ikkje var avgjerande.

– Vi har mellom anna sett på korleis entreprenøren vil gjennomføre og koordinere prosjektet. Bussveien skal byggast i eit område med mange naboar, der det er mykje næringsverksemd og der barn har skolevegen sin. Det er difor svært viktig for oss at entreprenøren kjem til å ivareta dei vi berører på ein god måte.

Stangeland hadde i tillegg den lågaste tilbodssummen, på cirka 345,6 millionar kroner.

>> Artikkelen er henta frå rogfk.no