
Stabil vekst i syklande på Nord-Jæren
Det har vore ein vekst på om lag 6% i tal syklande på Nord-Jæren hittil i år samanlikna med same periode i 2024.
Dei fleste tellepunkta viser vekst i perioden, men særleg skil tellepunkta langs sykkelstamvegen og bussvegen i Hillevåg seg ut.
-Veksten i syklande langs sykkelstamvegen heng mest truleg saman med opninga av ein samanhengande sykkelveg frå Sandnes til Ullandhaug. I tillegg spelar også det nye kollektivfeltet frå Ullandhaug til Jåttå og andre sykkelveg-prosjekt i nærleiken av sykkelstamvegen ein viktig rolle i å leggje til rette for auka sykling i regionen. Med disse prosjekta får me eitt stadig meir samanhengande nettverk av trygg og god sykkelinfrastruktur, seier Kjersti Reppen Karlsen, rådgjevar i Bymiljøpakken.
Samstundes er det også ein auke i bruk av elektriske sparkesyklar, med 17% vekst samanlikna med same periode i 2024. Elektriske sparkesyklar har etablert seg som eitt viktig tilbod av mikromobilitet i regionen. Også de sparkesyklande tek i bruk den nye sykkelinfrastrukturen.
Les meir i Mobilitetsrapporten som vert handsama i styringsgruppa i Bymiljøpakken den 17. september.