Bymiljøpakken

Opning Sandvikveien

Onsdag 30. september opna gruppeleiar i Høgre, Hilde Karlsen, den nye sykkelvegen i Hillevåg.

Saman med Kolumbus og Stavanger kommune delte sekretariatet ut påskjønningar til syklistane som utfordra haustvinden på veg til jobb. Rushet med syklistar gjorde det klart at vegen er allereie populær, og syklistane sjølv bekrefta kor nøgde dei var med kvaliteten på sykkelvegen.

Stavanger kommune har byggja 1,2 kilometer med sykkelveg langs sjøen som er fysisk separert frå fotgjengarfeltet. Inkludert i prosjektet er det ei sykkelbru over jernbanen. Sykkelvegen inngår i den viktige sykkelvegen langs Gandsfjorden.