Opning av E39 Hove-Osli
I dag opna statssekretær Jakob Vorren den nye E39-strekninga saman med fylkesordførar Ole Ueland og ordførar Kenny Rettore.
Med det er tri års arbeid over. 2,5 kilometer med firefelts motorveg strekk seg no sørover frå Hove, og trafikken vil flyte betre og tryggare inn og ut av Nord-Jæren.
Vegen er ein av Rogalands viktigaste. Her køyrer 24.000 bilar kvar dag, både personbil og næringstransport.
Utbygginga har også inkludert ny støyskjerming, ny gangbru over E39 og tiltak i Høylandsånå. Bråsteinskanalen er blant anna opna for å gje fisken betre vandringsvilkår.
Det gjenstår no to byggjetrinn i Bymiljøpakkens portefølje. Det er Osli-Figgjo og Figgjo-Ålgård.

Frå no av vil det være lettare å komme seg sørover frå Nord-Jæren, enten man skal til hytta eller sitter i hytta i lastebilen. Foto: Bymiljøpakken