
Opning av bussvegen i Sandnes sentrum
Fylkesordførar Ole Ueland og ordførar i Sandnes Kenny Rettore opna i dag bussvegstrekningen Jernbaneveien–Olav Vs plass–Elvegata i Sandnes sentrum
Strekninga er på 1 kilometer og me er enda eitt steg nærare å realisere 50 kilometer med bussveg. Prosjektet legg til rette for syklande og gåande med oppgraderte fortau og raudmalte sykkelfelt, i tillegg til bussen. For dei bussreisande vil dette vere ein stor forbetring ved å skape behagelege, presise, raske og forstyrringsfrie bussreiser.
Det står framleis att noko arbeid med å få på plass busskur, og bussvegen vert ikkje tatt i bruk av bussen før vegarbeida i begge endene av bussvegen er ferdig.
Nye bussvegstrekningar er venta opna framover, som på Jåttå 3. september. Bussvegen mellom Sandnes til Stavanger er venta å vere ferdig i 2026.
Nyleg starta arbeidet med bussveg-prosjektet Elvegata – Havnegata, som forlenger bussvegen mot sør-aust i Sandnes.