Nå kjem Bussveien til Sandnes sentrum
Ordførar Stanley Wirak fekk i dag æra av å markere oppstarten på Bussveien gjennom sentrum. Det gjorde han i ein av gravemaskinane til entreprenøren.
– Gravemaskinar betyr at byen utviklar seg. Når Bussveien kjem på plass her, blir sentrum meir attraktivt, sa ordføraren.
Bussveien gjennom sentrum blir bygt som ei kollektivgate, utan felt for bilar på sidene. Ein del av arbeidet er i tillegg eit cirka 5 700 kvadratmeter stort torg med granittdekke på Olav V’s plass, som blir ei forlenging av Rutenparken.
Sjef for Bussveien i Rogaland fylkeskommune, Harald Bøhn, meiner det er spennande å bygge Bussveien i hjartet av byen.
– Det er første gang Bussveien gjer nettopp det. Det er utruleg kjekt. Og så er det kjekt å kome i gang med eit prosjekt her i Sandnes. Strekninga er ei viktig brikke i å få ferdig ein samanhengande bussveg mellom Stavanger og Sandnes i 2026.
Ein av fire delstrekningar
Jernbanevegen-Olav V’s gate-Elvegata er ein av totalt fire delstrekningar i reguleringsplanen for Bussveien mellom Kvadrat og Ruten i Sandnes. Dei tre andre nærmar seg også oppstart.
På strekninga som går frå Forussletta og gjennom Stavangerveien er detalprosjektering i gang. Fylkeskommunen ser for seg å lysa ut prosjektet på anbod våren 2023, slik at ein startar bygging mot slutten av sommaren.
Prosjektet som går gjennom Strandgata er også under prosjektering. Her er vi godt i gang med møter med grunneigarar, og ser for oss oppstart hausten 2023.
I tillegg til prosjekta som omhandlar bygging av sjølve Bussveien, skal fylkeskommunen også flytte 11 hus i Strandgata. Her har ein starta forarbeid, og ser for seg riving av Altona- bygget før jul. Arbeidet med å flytte husa blir på nyåret.
Kjem til å merke arbeidet
På strekninga som frå torsdag er i gang, blir det nokre ulemper for trafikantar og næringsliv i byggeperioden, noko bussveisjefen er klar over.
– Vi har brukt mykje tid på trafikkavvikling, og samarbeider godt med kommunen om det, så eg håpar folk får den informasjonen dei treng om kor dei skal gå, sykle og køyre i anleggsperioden, seier han.
Strekninga ein nå går i gang med, startar ved Tollbugata i Jernbaneveien, over Olav V’s plass, og vidare inn i Elvegata fram til rundkøyringa ved Julie Eges gate.
Meir informasjon
Bussvegen er det største prosjektet i Bymiljøpakken. Følg gjerne Bussveien på Facebook, eller les meir om Bussveien på rogfk.no. Det er entreprenør Stangeland Maskin AS som bygger Bussveien for fylkeskommunen på strekninga frå Jernbaneveien til Elvegata i Sandnes.