Bymiljøpakken

Lyser ut kollektivtrasé til nye SUS

Rogaland fylkeskommune lyser ut jobben med å bygge kollektivtrasé mellom Jåttå og Ullandhaug på anbod. Prosjektet er ein del av Bymiljøpakken.

Kollektivtrafikken går i dag saman med biltrafikk på strekninga. Når kollektivtraséen er ferdig, får bussen eit eige felt, parallelt med bilvegen.

– Ved Jåttå koplar vi oss til Bussveien, i andre enden, til kollektivtraséen som går gjennom det nye sjukehus- og universitetsområdet. Det er ei viktig strekning for kollektivtrafikken, seier prosjektleiar i fylkeskommunen, Even Vike, til rogfk.no.

Kollektivtraséen kjem langs Diagonalen og Madlaveien. Langs traséen blir det sykkelveg med fortau. Fortauet går nokre stadar i gater utanfor traséen, mens sykkelvegen følger kollektivtraséen heile vegen.

Prosjektet er eit rekkefølgekrav til nye SUS, og skal stå ferdig 31.12.2024.

Entreprenørane må levere tilbod innan 1. juli.

Dette skal vi bygge

  • Parallelført kollektivtrasé på nord-austsida av dagens køyreveg​
  • Sykkelveg med fortau
  • Tre haldeplassar med kantstopp​
  • Påkøyringsrampe til motorvegen ved Diagonalen
  • I tillegg blir to undergangar forlenga. Prosjektet skal finansierast av penger frå staten.

Fylkestinget godkjendte i april at prosjektet blir lyst ut, med atterhald om at finansiering må vere sikra før ein skriv kontrakt.