Bymiljøpakken

Kartet viser nytt trafikkmønster i området ved Kristine Bonnevies veg på Ullandhaug. Denne omkøyringa gjeld frå 6. januar til 10. februar 2023.

Bygger nye tilkomstvegar til sjukehuset: Kristine Bonnevies veg er stengt i nokre veker

Fredag 6. januar klokka 12.00 blei Kristine Bonnevies veg stengt, på strekninga mellom Madlavegen og Novstemmen.

Rogaland fylkeskommune bygger nye tilkomstvegar til sjukehuset som kjem på Ullandhaug. Ei god stund framover må entreprenøren grave i sjølve køyrevegen, og då blir vegen stengt. Arbeidet består i å skifte ut røyr i bakken og å utvide vegen for å lage nytt kryss til den nye tilkomstvegen.

‒ Strekninga det nå er snakk om, blir stengt fram til 10. februar. Då blir vi ferdige med ein del av vegen, sånn at det blir nytt køyremønster igjen. Resten av Kristine Bonnevies veg blir nok stengt ei stund etter det også, forklarar Even Vike, prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune, til rogfk.no.

Han fortel at alt arbeid med nye tilkomstvegar til sjukehuset skal vere ferdig hausten 2023.

Skilta omkøyring

Omkøyringa dei første vekene blir via Professor Olav Hanssens veg og ein mellombels veg i forlenginga av Richard Johnsens gate. Vike oppmodar folk til å vere merksame og følgje skiltinga.

Dei som går og syklar må følgje ruta via Novvegen og Radiovegen, slik dei har gjort sidan anleggsarbeidet starta (sjå blå strek på kartet).

Fjerner busstopp

Busstoppet i Kristine Bonnevies veg blir tatt vekk. På Kolumbus sin nettstad kan du sjå trafikkmeldingar for bussen på denne lenka.

I tillegg til arbeidet i Kristine Bonnevies veg, blir det arbeid og stengt veg i krysset Richard Johnsens gate/Prof. Olav Hanssens veg, ved Oljedirektoratet.