Bymiljøpakken

Korridor ope for transport

Sjølv om vegen har vore open nokon veker var det dags for formell opning av det nyaste strekket på Transportkorridor Vest.

Den 20 september vart delstrekninga Sør Tjora – Kontinentalveien opna. To kilometer med firefelts veg, fire busshaldeplassar, fem kilometer med gang- og sykkelveg er no klar for bruk. Statssekretær Tom Kalsås, fylkesordførar Ole Ueland og ordførar i Sola kommune Janne Stangeland Rege fekk det stolte oppdrag å klyppa snora og kunngjere at vegen, den er open.

Transportkorridoren, også kjent som TKV, har som mål å gje betre kapasitet for kollektivtrafikk og næringstrafikk ved å etablere eitt tungbilfelt. I tillegg sikrast trafikksikkerheita og støyforhalda langs strekket, og det leggjast til rette for gåande og syklande langs strekinga. Les meir om Transportkorridor Vest-prosjektet her.