Bymiljøpakken

Her må bilistar vike for syklistar

For første gong i Rogaland må bilistar vike for syklistar i kryss mellom gang- og sykkelveg og sideveg. Dette gjeld nå i fem kryss på Forus og Lura.

– Vi har valgt fem kryss som ligg langs hovudnettet for sykkel, kor det er mange som syklar, fortel Fredrik Nårstad Jensen, leiar av sykkelfaggruppa i Bymiljøpakken.

Vikepliktregelen blir altså snudd, frå å prioritere bil til sykkel i desse kryssa:

  • mellom Stavangerveien og Lerkeveien på fylkesveg 44
  • mellom Løwenstrasse og Torvmyrå, og kryss mellom Løwenstrasse og Grenseveien, på fylkesveg 349
  • mellom Svanholmen og Vassbotnen på fylkesveg 349 langs Foruskanalen, og Svanholmen i kryss inn til Equinor vest og Møller bil

Bilistar, pass på – syklistar, følg med!

– Det er svært viktig at bilistane er merksame på den nye skiltinga. Samtidig må syklistane følge med og søke blikkontakt med bilførar, før dei kryssar vegen, poengterer Jensen.

Det er sett opp heilt vanlege vikepliktskilt, men med underskiltet «kryssande syklist». Kryssområda er heva, og det er ny merking på asfalten som viser den nye vikeplikta.

– Syklistar får betre framkomst og betre komfort på sykkelturen med den nye reguleringa. Konsekvensen for bilistane er at dei får to vikesituasjonar når dei skal inn på ny veg, og må vike både for bilistar og syklistar, forklarar Jensen.

Vikepliktreguleringa er etter den såkalla vegnormalen. Sjølv om regelen ikkje er brukt i Rogaland før, finst slike skilt allereie i Bergen og Trondheim. Løysinga er vurdert av samarbeidsgruppa for trafikksikkerhet.

Mange små prosjekt

Bymiljøpakken finansierer mange mindre prosjekt for syklistar. Skiltinga der bilistar må vike for syklistar er berre eitt tiltak for syklistar på Nord-Jæren.

Breiddeutviding av gang- og sykkelvegar ved undergangar, snarvegar for syklistar og siktutbetring er andre grep som blir gjort.

– Felles for alt er at trafikktryggleiken aukar, og komforten og framkomsten for dei som syklar på Nord-Jæren blir betre, fortel Fredrik Nårstad Jensen.

Det som blir gjort på riksveg og fylkesveg blir bygd av Statens vegvesen. Den enkelte kommune byggjer det som skjer på kommunal veg.