- Heng på den grønne halen
Slik blir du som syklar prioritert gjennom krysset på Grannes i Sola.
Krysset med den grønne halen er inspirert av ei løysing i Danmark – og er det første av sitt slag i Norge.
Slik fungerer det
Ein detektor med varmesøkande kamera fangar opp syklisten som nærmar seg krysset. Grønne ledlys i bakken blir tent og viser veg mot krysset. Kjem det nye syklistar bak kan dei auke farten for å rekke å sykle langs den grønne halen, og dermed ha grønt lys når dei kjem fram til krysningspunktet.
– Poenget med dei grønne lysa er å fortelje dei som syklar at lyssignalet skiftar. Då kan dei lettare tilpasse farten til å treffe det grønne lyset ved å henge på syklisten framføre, eller å roe ned til neste fase med grønt, forklarer Fredrik Nårstad Jensen, som leiar sykkelfaggruppa i Bymiljøpakken.
Sjå video av korleis du som syklar blir prioritert gjennom krysset.
Frå gang- og sykkelveg til sykkelveg med fortau
Krysset på Grannes er ein del av sykkelvegprosjektet Grannessletta på fylkesveg 382 i Sola kommune, og det blei opna tidleg i oktober. Prosjektet er noko så uvanleg som eit prosjekt som erstattar ein gang- og sykkelveg, med sykkelveg med fortau.
– Tidlegare fungerte kryssinga av vegen dårleg og kapasiteten på gang- og sykkelvegen var allereie sprengt. Så mange som 1000-1500 syklar her dagleg, forklarer Anne Margrethe Skretting, som var prosjektleiar for prosjektet på Grannessletta.
Prosjektet bidrar dermed til betre trafikktryggleik både for dei som syklar og går. Grannessletta er skuleveg for mange og hovudsykkelrute mellom Madla og Forus.
– Det er difor viktig at spesielt dei som syklar her tek omsyn til dei mange skulebarna som skal til og frå Grannes skole, avsluttar Skretting.
Sykkelprosjektet på Grannessletta er finansiert av bompengar frå Bymiljøpakken.