Bymiljøpakken

Ein portal til Skeiane stasjon

I dag opna Kenny Rettore, ordførar i Sandnes kommune, Bymiljøpakke-prosjektet i Haakon 7’s gate.

Sandnes kommune har oppgradert gatetunet i  Haakon 7’s gate og Ganddalsgata frå krysset ved Jærveien og St. Olavs gate til Oalsgata til å vere langt meir tilpassa til gåande og syklande.

I gatetunet er det eit delt-rom konsept der det er tilrettelagt for at både gangfelt, oppholdsområder, leikeplasar, grøntstruktur saman med køyrebane skal ha ein mest mogleg saumlaus overgang.

Igjennom dette gaterommet og langs dei oppgraderte gange- og sykkelvegene i området er det no betre førehald for gåande og syklande som skal til Skeiane stasjon, og det er ein betre og meir naturleg tilkobling til Sandvedparken.