Dropp køen – ta sykkelstamvegen!
Frå 16. juni av kan du sykle 13 kilometer med reindyrka sykkelveg heilt frå Oalsgata i Sandnes til Kiellandsmyra i Stavanger.
Med opninga av strekninga Sørmarka – SIF stadion den 16. juni er dei siste 2,7 kilometerane fullførte, og heile prosjektet er ferdig!
Sykkelstamvegen er tilrettelagt høg og jamn fart. Her skal du ikkje møte kryssande bilar eller fotgjengarar, berre andre syklistar. Bilane og fotgjengarane, dei slepp å dele vegen og fortauet med deg.
Sykkelstamvegen er ein brei, to-felts sykkelveg med planskilde kryss og høg standard. Målet er at fleire skal kunne kome seg til jobb og skule med sykkel, særleg til Forus. Frå starten av sykkelstamvegen i Stavanger og Sandnes tek det om lag 15 minuttar til Forus.
Strekninga vart prøvesykla av samferdsleminister Jon-Ivar Nygård, og opna av førstnemnde saman med ordførar i Stavanger, Tormod Losnedal.
Auglend- og Tjensvoll skulekorps spelte for anledninga.