Bymiljøpakken

Bussen går på Jåttå

I dag opna bussvegen frå Gauselvågen til Stasjonsveien med fanfare.

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård kom for anledninga til Stavanger for å kutte snora saman med fylkesordførar Ole Ueland og ordførar i Stavanger Tormod Ljosnedal til korpsmusikk og barnehagesong.

– Denne dagen har vi venta på! No står Bussvegen her i Jåttåvågen ferdig byggja med en betydeleg oppgradering for kollektivreisande, gåande og syklande. Dette er eitt stort løft for hele bydelen og regionen vår, sa fylkesordførar Ole Ueland til Rogaland fylkeskommune.

Rutekart. Foto: Kolumbus

Bussvegstrekninga frå Gauselvågen til Stasjonsveien på Vaulen, via Jåttå og Jåttåvågen er den største biten i bussvegen. Med ein samla prislapp på 2,25 milliardar kroner har det vore den mest kompliserte bussvegstrekninga å byggje, der Jåttå har blitt eit nytt kollektivknutepunkt.

– Dette er et knutepunkt kor reisande kan reise til og frå i ulike retningar der bussvegen, Jærbanen og kollektivtraseen til Ullandhaug møtast, sier avdelingssjef for samferdsleprosjekt Harald Bøhn til Stavanger Aftenblad.

Kulverten på Jåttå i betre vær enn det me fikk på opninga. Foto: Rogaland fylkeskommune

Til saman utgjer prosjektet:

–       3 kilometer kollektivtrasse

–       2,2 kilometer hovudveg

–       1,7 kilometer sideveg

–       4,5 kilometer sykkelfelt

–       3 kilometer gange- og sykkelveg

–       Rundkøyringa under bakken i Jåttå

–       165 meter bussbru over jernvanen

–       450 meter kulvert i Hinnasvingene

–       Ein gange og sykkelkulvert

–       Diverse støttemurar

Og til tross for alt dette er prosjektet levert eitt år før tida!

Været til tross vart det eitt godt oppmøte på opninga. Foto: Bymiljøpakken

Les meir om opninga hjå Aftenbladet, RA Stavanger og Rogaland fylkeskommune