Bomstasjonane er reparerte
– I løpet av dagen er det innkreving av bompengar i alle dei 38 bomstasjonane i Bymiljøpakken. Meir detaljar ønskjer vi ikkje å gå ut med, opplyser Harald Bøhn, seksjonsleiar for Vegseksjon investering i Statens vegvesen.
Natt til 30. september blei fem bomstasjonar utsette for grovt skadeverk. Innkrevinga av bompengar starta 1. oktober.