Bymiljøpakken

- Gjer alt vi kan for å reparere bomstasjonane

I natt blei fleire av dei nye bomstasjonane på Nord-Jæren utsette for grovt skadeverk.

– Det er gjort skade på fem stasjonar. Vi har hatt folk ute sidan tidleg i morges. Nå gjer vi alt vi kan for å reparere utstyret som er øydelagt, opplyser Astrid Eide, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Dei fem stasjonane det er gjort skade på er i Heigreveien, Gamle Ålgårdsvei, Forus vest ved Solasplitten, og dei to bomstasjonane på Nedre Stokka.

– Vi kjem til å ha vakthald på bomstasjonane ei stund framover, opplyser Eide.

Innkrevinga av bompengar startar som planlagt ved midnatt natt til mandag, men skadeverket påverkar innkrevinga i dei fem stasjonane.

– Vi jobbar med å få flyttbare bomstasjonar på plass så snart som mogleg, i tillegg til at vi reparerer dei som er råka av skadeverket, poengterer Astrid Eide.