Kollektivtraseen Jåttå-Ullandhaug er opna
Kollektivtraseen er den første som er heilt ferdig av stor-prosjekta våre, den såkalla hovudporteføljen.
Og med det fekk syklande, gåande – og ikkje minst bussande i UiS og SUS-land ein forsterka infrastruktur. Over 3 kilometer med kollektivtrase går frå Jåttå, der den startar ved togskinnene og bussvegen og kan lose dei reisande raskt og effektivt derifrå til Ullandhaug. Kollektivtraseen er eit rekkefølgjekrav for det nye sjukehuset, og ein viktig brikke for å få ein god reiseveg for tilsette, pårørande og dei sjuke som er friske nok til å ta buss (eller sykle).
Langs kollektivtraseen er det gode sykkelfelt og fortau, og under vegs er det ein kopling til sykkelstamvegen.
Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård kutta snora saman med Yahya Qureshi fra Læringsverkstedet Novarmen og saman gjorde dei stor stas på prosjektet. Det vart gode talar frå fylkesordførar Ole Ueland, Stavanger-ordførar Tormod Losnedal og avdelingssjef i fylkeskommunen Harald Bøhn. Også vart det danseopptrinn og kake!